Langs vår kyst har me eit mangfold i klinkbygde båttradisjonar. Så lenge det har budd folk ved kysten har havet vore ferdselåra og gitt mat til levemåten. I Møre og Romsdal har me særeigne båttypar. På Sunnmøre har det fram til byrjinga på 1900-talet eksistert kanskje den båten som skil seg mest ut frå andre typar i landet, snidbetningen.
Namnet kjem av den noko uvanlege bordlegginga i botnen. Fyrste omfar, halsbordet er høvla beint av på skrå ned i kjølen noko framom midten, kalla snide. På storebåtane var halsomfaret delt i to, huv og hals. Dette medfører at neste omfar, yveslaget, vert skjerva (skøyt) i to renningar der halsbordet er snida av. Tilsvarande vert det på knelestebordet, omfaret ovanfor, berre litt lenger fram i båten. På større båtar kan det her vere 3 renningar, der den siste vert kalla stingrenning. Jamnvel dei neste to omfara kan ha renningar, alt etter kor stor båten er eller kva material ein har tilgjengeleg.
Kva tid dei byrja å snidlegge båtane på Sunnmøre veit vi ikkje heilt, truleg i samanheng med uthogging av skog på 15-1600-talet. Denne tida byrja dei også å byggje større båtar, då fleire fiskefelt ute på havbruna vart oppdaga på nytt. Samtidig byrja sunnmøringen å bruke torskegarn, og det vart krevd større havgåande båtar. Berre i Kilsfjorden i Volda, vart der vinteren 1791 bygd 56 storebåtar; ottringar, fjørefar og seksringar.
Hans Strøm skildrar sunnmørsbåtane i detalj i 1760-åra, men nemner ikkje denne særeigne bordlegginga. Peder Jakobson Bjørkedal bygde mange båtar og rita opp alle frå 1766-1817, i alt 438. Peder var skrivefør, blant anna var det han som tok til å skrive ”Jakobsboka”, ei bok som gjev innsyn i Bjørkedalslivet for 2-300år sidan. Han nemner heller ingen ting om denne særeigne snidlegginga, men vi har båtar som er slik frå siste del av 1700-talet. Hadde snidlegginga starta i denne tida, hadde Peder truleg skrive om det. I allefall hadde tradisjonsberarane og ettertida visst om denne endringa. Nei, vi lyt truleg langt lenger tilbake i tid. Denne geniale bordlegginga er ikkje noko ein mann har kome på, men noko som har utvikla seg over tid. Det kan vere kombinasjonen av mindre tilgang på stor skog og stadig større båtar tilpassa endringane i fiskebruket, som har skapt snidbetningen.
Det asymetriske seglet, snidseglet, som vart nytta kan godt vere eldre enn bordlegginga. Seglet er særs godt tilpassa båten med sitt lave seglsenter og den store bogen framom mastra, der skroget har si karakteristiske form. Dette breie framskipet gjorde sitt for at båten ikkje so lett skar seg på sjøane unna vèret. Noko som var ein viktig eigenskap på storbåra ute på Stadthavet. Storebåtane; seksringen, fjørefaret og åttringane, var fyrst og fremst havgåande båtar som var konstruerte for å tole stor sjø.
Kva oppnådde ein med denne snidlegginga av borda i framskuten? Eit skrog må vere bergeleg for folk og farm. Då er det viktig at skroget svell og slepp sjøen rett. Samtidig er det avgjerande at båten ikkje vert for laus i storbåra ute i havet. Med snidlegginga får ein eit stort utlagd framskip som samtidig har eit flatt og godt strekt innløp. Rett framom der båten er breidast, er legget på omfara mest det same frå halssnidet og opp til æsingbordet. Vidare attover til bakskuten fekk ein då ei god flatstrekt side, som båten ligg stødig på under seglas. Utsett for brotsjø og skvett var den, då fasongen gir eit heller lavborda midtparti, men dette vart bøta på med dreglar, fram- og bakkjempe. Dessutan gav seglet og farta skroget eit løft og opprettande moment. Bakskuten er heller liten og smal, men det var viktig at han var byrige for baktofta. Ein liten bakskut gav den føremon at brotsjø attanfrå ikkje fylde båten so fort. Det er framskipet som ber og løftar båten, med hjelp av skrog- og seglfasong. ”Flatbrennar”, var eit utnamn på desse båtane, då etter skapet på dei gamle oljelampane, kolene.
Desse båtane har i hovudsak vorte bygde i indre fjordstrøk, Voldsfjorden og Storfjorden. Hovudtyngda av båtbygginga har dei siste 400 åra gått føre seg på Bjørkedalen. På Stranda i Storfjorden har ein på 4-5 gardar bygd snidbetningar på heile 1800-talet og fram til ca 1920. I hovudsak har dette vore småbåtar, færingar og trerøringar. Elles har det vore bygd snidbetningar litt her og der på Sunnmøre.
Snidbetningane på Stranda skil seg litt frå Voldabåtane, særleg legg ein til merke den annleise overrenningen på yveslaget. I tillegg brukar denne tradisjonen sneller som styde under knea (betane). Stamnhauda er elles noko høgare. Begge renningane i Bjørkedalen vart skjerva i hop med yveslaget. Elles er bordlegging og innved mykje det same.
Borda vart saga so langt attende me kjenner, men tjukta var ulik alt etter kvar i båten bordet skulle tilmåtast. Særleg måtte hals og huv vere tjukkare. Då fekk ein breiare kjølfelle og samstundes kunne ein tynne ut bakhalsen slik at sleppet vart strakast råd. På storebåtane var særleg ripstødet tjukkare, åttringar kan ha ripstø på 4-5 cm på midten av bordet. Både over- og underkant er tynna på dei fleste omfar, nokon meir enn andre.
Dei skrå renningane framme i snidet gjer at ein ikkje treng eit so tjukt utgangspunkt for å få til dette innløpet som svel sjøen godt. Noko vridning er det på renningane, og nokre knep må til; litt tjukkare fjøl, som ein tynnar dei rette stadane, samtidig som at skjervinga mot yveslaget vert høvla frå utsida. I tillegg lyt ein stø godt under, eller setje ein haldehake over renningsoddane. Då fekk ein litt skjerpe i innløpet.
Bordlegginga i kombinasjon med lite tverskips avstiving, gjorde at den var fjørale i sjøgongen. Skroget snodde seg som ein orm, og ein minska båreslaga mykje. Dei tjukke æsingane er plassert på omfaret der skroget vert utsett for størst belastning ved segling. Knottane, dei skråstilte banda i bakrom og der båten er breiast, styrkje båten både på tvert og på langs. ”Båtane laut vere slik, elles hadde han vorte spikte på sjøane”, sa gamlekarane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar